Del
Tweet

Forestill deg at du får yndlingsretten din til middag akkurat den dagen du treng det mest. Du får det fordi du argumenterte godt, du veit kva som skal til. Kanskje må du bidra med noko du òg, planlegge menyen ein annan dag?

 I klassen din er det mange fleire folk enn i familien din, likevel vil du gjerne påvirke der òg. Noko få du til, ikkje alt, men du prøver å påvirke det som er nærast.

Men å påvirke samfunnet? Betre kulturtilbod, meir av det gratis for ungdom? Eller betre bussruter, betre integrering og billegare tannlege! Ein fin leiligheit, eller eit hus. Det som skal til for at du fortsatt vil bu i Hordaland. Kva slags samfunn vil du bo i?

Denne nettsida er for deg. Tenk på korleis DU vil at Hordaland si framtid skal sjå ut. Prøv å sett lyd, bilde, teikning, video eller ord på tankane og idéane og legg det ut på denne sida!

Vi ønsker bidrag frå deg som er mellom 15 og 20 år.

_________________________________________________________________________

Kven skal engasjere seg for framtida om ikkje ungdom gjer det?

 

 

 

Alle bidrag blir publisert her – lest og tatt som innspill og inspirasjon til planlegging av utvikling i Hordaland.

Besøk gjerne vår facebook-side for spørsmål og diskusjon.